tirsdag, april 10, 2012

Bok nr.14 2012 : Den døende detektiven



Leif GW Persson er ein kjend svensk kriminolog og forfattar. Han har undervist ved universitetet i Stockholm og er no professor i kriminologi. Han er fødd i 1945 og ingen ungdom lenger. Men han skriv gode bøker.
Eg har lese to av bøkene hans tidlegare; "Mellom sommerens lengsel og vinterens kulde" og "Faller fritt som i en drøm". Det eg ikkje visste var at dette var to av tre bøker i ein trilogi, boka i midten, som eg ikkje las, heiter "Et annet liv et annet sted". Etter å ha lese to lange bøker om Palme-mordet, var eg ikkje lysta på ei til.
Men eg likte måten Leif GW skreiv på, så derfor lånte eg "Den døende detektiven". Det angrar eg ikkje på. For dette er ei god bok. 
Hovudpersonen i boka, den pensjonerte politisjefen Lars Martin Johansson, får hjerteinfarkt og hamnar på sjukehus. Der får han eit tips i ei såkalla "cold case" som aldri er blitt oppklart. Saka er forelda, men Johansson vil likevel prøve å finne ut kven som valdtok og drap ei 9 år gammal jente for lenge sidan.
Eg vil ikkje skrive meir om handlinga. Der er nok stoff på nettet for dei som vil vite meir.
Lars Martin Johansson og hjelparane hans minner mykje om gjengen i "Nye triks" -serien på NRK. Her er mykje humor, men også mykje alvor.Eit gjennomgåande tema er mishandling av barn.
Boka høver godt å lese som lydbok, sidan her er få personar å halde styr på, og relativt enkel handling.
Nils Nordberg les boka på ein framifrå  måte.
Anbefalt!
NB: Får ikkje lagt inn bilde.Dvs. somme bilde får eg lagt inn, men ikkje dei av bokomslaga. Forstå det den som kan.Men bildet frå nettet-det gikk.

4 kommentarer:

solveig sa...

Eg har sett bøker av forfattaren på biblioteket, men vore litt usikker. Skal ta tipset!

Besta sa...

Du kan sjekke litt på nettet, du finn mykje stoff både om forfattaren og bøkene der. Lurt å sjekke litt på førehand-viss eg berre kunne hugse å gjere det sjølv!

solveig sa...

Eg skal ta meg ein bytur i morgon, trur eg. Ein må liksom ta det ein finn.

Besta sa...

Denne har eg liggande på maskina-i fall du ikkje får tak i den.

Dagbok 2024:12.mai

 Klokka er no 18.45, temperaturen ute er ca 20 grader C, det er delvis skya og sol. Eg trudde det var heller kjølig på føremiddagen då eg to...