torsdag, mars 01, 2012

Vermelding 1.mars - 2012

Klokka er no ca 13.30, temperaturen er  +7 grader C, og det styrtregnar. Det einaste gode med det, er at snøen blir borte.
I dag har vi rota vekk føremiddagen nede i Vik, men vi får unnskylde oss med at vi hadde ærend. mens vi var på Amfi, fekk Nils melding på mobilen at han kunne komme og hente brillene sine, så det passa bra. Brillene også. No slepp han i alle fall å gå med plaster på nasa, dei gamle brillene hadde mist "naseklypa" på eine sida. Eg var innom Jysk og sjekka prisane på nervøs fløyel. Dei billege stuvane var vekk, dei som låg att var ca 80 kr for 3 meter, det tykte eg var dyrt. Dei som var 50 kr for 5 meter var utselde. Elles hadde det "skrukkete silke" til 100 kr for 5 meter. Dette til orientering for spesielt interesserte. Ikkje alle har like god tid til å fare rundt å snoke som det eg har. Gikk gjennom butikken til Målar-Olav på veg ut, og nytta høvet til å sjå på gardiner, men i dag hadde eg ikkje fotoapparat med. Der er mange fine, lette kvite gardiner, med eller utan mønster og fargeinnslag.
Nils kokar boknasild til middag i dag. Han fekk den med Kjell i byte for tørka småsei som Nils hadde hengt opp. Kjell har to hundar som likar det. Byttehandelen florerer! No er ikkje boknasild min favoritt, men eg et det meste, så den går nok ned. Og så får vi tende eit "duftlys" i håp om at lukta forsvinn ein gong.

Dagbok 2024: 22.november

Klokka er no 16.18 og bildet over er tatt for eit par minutt sidan. No sit eg her inne i huset mitt og er så å seie innesnødd. Ser de godt e...