søndag, februar 05, 2012

Vermelding 5.februar - 2012

Klokka er ca 12.45, men eg føler det er langt på dag, for vi var tidlig oppe. Ute er det overskya, men opplett og + 2 grader. Sola var framme såpass at vi fekk sjå at no "klive ho honnje", som tyder at vi har sol frå morgon til kveld om det skulle klårne opp. Det har vore ein lett vinter, så langt, med lite snø og kulde. Men erfaringa seier at februar er snømånaden her, så vi kan få mykje vinter enno.
Nils var ute og gjekk tur på føremiddagen, men eg hadde fått den idéen at eg skulle plante nokre avleggarar som eg hadde ståande, og dele opp nokre gamle plantar. At moldposen som låg i garasjen var stivfrosen, stoppa meg ikkje. Eg skar opp posen og helte på kokande vatn, og etter ei stund fekk eg fullført prosjektet. Kasta ein del plantar også, men orkidéane får stå i tilfelle nokre av dei finn ut at dei skal blomstre ein gong til. Etterpå måtte eg vaske kjøkengolvet........ Slikt arbeid skulle ein i grunnen halde til med ute, og i ei anna årstid. Men det var NO er fekk ånden over meg.
Til middag i dag skal eg lage sei i paprika- og løksaus. Det er lenge sidan vi har hatt fisk no. Lenge sidan det har vore fiskever også.
Nils ser sport på TV-men eg skal lese Knausgård. Det går ikkje fort, men kan ikkje lese mange timar pr dag.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 27.mars

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 9 grader, men det er overskya i dag, så det er ikkje så fint som det var i går. Eg sov godt sist na...