Klokka er 16.30, det er overskya og opplett ute. No er temperaturen +8 grader, men i 12-tida var den oppe i +12 grader.
Nils mol opp ca 7,5 kg fisk i går, han brukar ei gammal handkvern og mel fisken ein gong. I dag starta vi rett etter frokost med å lage fiskemat. Først laga eg tre fiskepuddingar etter Gunda si oppskrift, men minus løk og pluss egg og fløyte.Eg brukar foodprosessoren til det. Resten av den melne fisken vart til fiskekaker, dei rører eg på "storemiksaren". Nils hjelper med steikinga, så då klokka var 12, var heile jobben ferdig og vi gjorde oss klar til å gå på kino. Den begynte klokka 13.
Heller ikkje i dag var der altfor mange frammøtte på Seniorkino, og det var synd. Det var veldig artig å sjå kor flott dei hadde fått til den gamle filmen. Bilda var mykje betre enn då filmen var ny, og lyden var også heilt perfekt. Filmen var teksta på dansk, men det var nesten ikkje nødvendig for meg ein gong å lese undertekstane, så tydelig tale var det. Bilda var like "store" som på vanlig film, men ikkje fullt så breie.
Det var det tekniske. Innhaldet var lett og morsomt, mange artige scener og replikkar. Og Audrey Hepburn var enda vakrare enn for 50-60 år sidan. Eg håper at vi får sjå fleire retrofilmar i tida framover og at fleire får augene opp for dette gode tilbodet som vi har.
No har vi ete oss stappmette på fiskekaker og skal ha oss ei velfortent pause.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:24. august
Klokka er no 20.44, men det er lyst og fint ute enno. Det har vore ein fin dag. Sidan eg ikkje kom meg inn på datamaskina for å lese kva le...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar