Klokka er 12.30. Ute er det skya og grått. Tidlegare i dag var det snøslaps-byger, og det dryp litt enno; temperaturen er + 3 grader C. Eg skulle gjerne ha hatt litt fint vinterver før våren kjem.
I dag hadde eg bestemt meg for å lage to gulrotkaker til fryselageret mitt, og eg hadde sørga for å ha alle ingredirnsar i hus. Trudde eg. Då eg skulle begynne på kake nr.to oppdaga eg at eg ikkje hadde nok olje, men ein snill nabo kunne hjelpe meg over oljekrisa. No har eg to kaker som er ferdig steikte, men utan glasur; plar fryse dei før eg har på glasuren, då er det mykje enklare. Å bake ei eller to gulrotkaker går for samme sølet, treng ikkje ein gong vaske bakebollen i mellomtida.
No skal eg snart steike sei til middag, det blir vel retten "søndagssei" i dag.
Som de ser av bildet er det "morsdag" i dag. Forstår ikkje at folk gidd å sjå all den sporten som er på TV, men det er fullt lovlig for den som vil.
For øvrig meiner eg at morsdag stiller i same katagori som andre amerikanske merkedagar. No skal vi visst til å feire Valentinsdag også. Berre forretningstriks alt i hop. Likevel vil eg gratulere alle mødrer i bloggverda med dagen! Kjekt å ha eit påskudd for å kose seg litt ekstra.
1 kommentar:
Gratulerer med dagen! Eg gidd heller ikkje å sjå på sport på TV. Likar betre å trimme sjølv.... Kos dokke vidare på Morsdagen!
Legg inn en kommentar