tirsdag, januar 03, 2012
Vermelding 3.januar 2012
Klokka er 14.00, temperaturen er + 3 grader, og det er fint lettskya ver.
Inspirert av bildet som Gry hadde lagt ut på FB i går, fekk vi lyst å ta ein tur fram i vegen som går til Vallasetra og sjå på øydeleggingane. Vi køyrde fram til grinda i Nupen og gjekk framover. Der trefte vi ein pensjonist som heldt på å sage opp velta grantre. Og dei var det nok av. Det var tydelig at folk hadde vore og rydda langs vegen.Kjem nok vel med at mange har fått boka om VED til jul.
Det vi ikkje var budde på, var at vegen stadvis var veldig isete og glatt, så vi måtte snu før vi hadde tenkt. Eg datt EIN gong, men slo meg ikkje. Vi kom såleis ikkje heilt fram dit som Gry hadde vore i går, så vi gjekk glipp av det mest dramatiske.Eg likar veldig godt å komme ut i naturen når det ikkje er lauv på trea, for då ser eg så mykje meir enn elles. Denne vegen gikk vi ofte før, men no er det mange år sidan sist eg var der.Som de ser er det grana som minst toler sterk vind. Det var Solveig som minte meg på at grana ikkje høyrer heime på Vestlandet. På skulen lærte vi at det er berre ein naturlig granskog på Vestlandet og den er på Voss - ikkje kysten akkurat. Det er altså ei flause å plante gran på kysten.
Før vi tok turen, steikte eg ferdig sei og sette i steikomnen, og mandelpotetene treng ikkje meir enn 15-20 min., så no er det snart middag.
I dag gratulerer vi Arne på Kongsberg med dagen. Håper det står bra til i Bjørnevegen?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 20 24: 3.mai
Klokka er no18.30, temperaturen ute er + 20 grader. Det har vore ein strålande dag, med sol frå klar himmel. Eg har vore her åleine heile d...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa. I dag var...
-
Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C. I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er helle...
4 kommentarer:
Ja alt vel her. Snør. Selskap i kveld, så slankekuren må vente til i morra.
W
Ja, kuren må utsettast ein dag eller to her også. Trur eg.
Eg trur ikkje trea der var så høge i min barndom?
det er tross alt nokre år sidan, og grana veks så fort her på Vestlandet at den er lite eigna til byggmaterial-den er for laus i fisken.
Legg inn en kommentar