I dag kan vi gratulere Nils med 75-årsdagen. For meg er det heilt utrulig at han er blitt så "gammal".
Dette bilde er frå 70-årsdagen, som vart feira hos Solveig på Hareid. Her er Nils i lag med søskena sine. Anne Marie i midten er storesøster og Rolf til høgre er den fem år yngre broren. Søskenlikheita er påfallande.
Nils voks opp på den veste staden Trovåg i Solund-øyane ytst i Sognefjorden, der dei fleste dreiv med fiskeri i den tida. Nils var vel ikkje meir enn ca 7 år då han først begynte å "drive sjøen"- ein aktivitet som han tok opp att då han vart pensjonist. Han arbeidde som fiskar heit fram til 1963, då han krabba på land og blei der. Mykje er forandra på alle desse åra, ikkje minst livet om bord i fiskebåtane.
På bildet under er Nils på sildefiske med skøyta Lily.Bildet er frå 1955.
Her er eit bilde frå Trovågen. Trur det må vere frå ca 1970. Nils er fødd og oppvaksen i huset midt i bildet. Skulehuset er det vesle kvite huset til venstre for huset deira. Der hadde eg min første jobb. På dette bildet har det kome veg i Trovågen, det var der ikkje då eg kom dit sjøvegen i 1958.
Viss de vil sjå korleis der ser ut i Trovågen i dag, kan de gå inn på Google maps.
Det har skjedd mykje på desse 75 åra sidan Nils fart fødd, og materielt sett har folk fått det mykje betre. I Trovågen fekk dei ikkje elektrisk lys før i 1956, og alt var mykje meir tungvint enn i dag. På den tida straumen kom til Trovågen, var Nils i det militære i Stavanger.Den tida var militærtenesta 18 mnd. og få slapp unna.I 1957 hadde Nils permisjon i tre mnd. frå det militære for å reise på sildefiske. Då var han maskinist på "hjelparen" Skipper Worse.
Nils dimma i juli 1958, og i august dukka eg opp på arenaen.Fire år seinare gifta vi oss-det blir 50 år sidan til sommaren.
3 kommentarer:
Vakkert i Trovågen, hugsar godt då vi var der i lag med dykk på 80-talet og vi campa i bobilen vår ved det gamle skulehuset. Nils køyrde og guida oss kring på smale vegar.
Gratulerer med dagen frå nr 14!
Gratulerer med dagen til Nils frå oss i Larvik!
Legg inn en kommentar