fredag, oktober 21, 2011

Vermelding 21.oktober - 2011

Klokka er 13.15, temperaturen + 8 grader, det er overskya, men stort sett opphaldsver. I dag har vi jobba godt heile føremiddagen, både Nils og eg. Eg har vaska og støvsuga til helga, lagt i hop klede osv.Nils har lagt att fibergrøfta. Sidan der var ein del stein som kom fram då han grov, måtte han hente mold å fylle på med. 
No er middagen på gang. I dag blir det seikarbonadar som eg laga på onsdag. Eg varmar dei i steikomnen i staden for på panna, synest dei blir betre då.

Elles så har vi ikkje så mykje planar verken for dagen eller helga, men vi er no fri til å gjere det vi vil.
Ønsker i alle fall alle ei god helg; og neste veke blir det finever. Trur eg.
Denne serveringsskeia i rustfritt stål, kosta eigentlig ca 400 kr. I går hadde dei slike på tilbod på Glasmagasinet til 58 kr stk. og då måtte vi sjølvsagt kjøpe ei. Kva den eigentlig egnar seg til, står att å finne ut. Det vart nemnt "ballskei"-men ein serverer vel ikkje ballen i krafta? Nokon som har eit betre tips?

5 kommentarer:

solveig sa...

Grønsaker! Di kan vel bruke den til kva som helst der ein ikkje vil ha med væske!

Besta sa...

Ja, det kan ein sjølvsagt, men eg kom liksom ikkje på noko i farten. Elles kan ein no bruke skeia når ein skal fiske ball opp frå gryta, men til det bruk har ein valigvis anna hjelpemiddel. Kan forresten ha skeia på ballfatet uansett.

solveig sa...

Skeia er i alle fall fin!

Anonym sa...

Trur ikkje det er uvanleg å servere ballen i krafta. Eg ausar opp ballen med kraft (dersom ikkje panna skal på bordet) Eg synes ballen tørkar på ein måte når den ligg på fat..... Linnea

Besta sa...

Eg forstår kva Linnea meiner, men eg tek opp berre nokre få ballar i gongen, så slepp ein uttørking.Det spørs no litt kor mange ein er til bords også.

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...