søndag, oktober 16, 2011

Vermelding 16.oktober - 2011


Klokka er 14.30, temperaturen +13 grader C, det er overskya og stort sett opplet. Såpass sterk vind at Nils ikkje blir frista til å fare på sjøen. 
For å komme oss litt ut før middag, tok vi ein biltur bort på andre sida av bygda. Lenge sidan vi har sett oss om i det bustadområdet som heiter Rystefeltet. Vi køyrde først så langt vi kom oppover på vegen mot Osskaret, og så sirkla vi oss nedover. Det er så lenge sidan vi har GÅTT der borte at vi kjende oss nesten ikkje att. Men vi registrerte at meir bygging er på gang. Det er veldig fint der borte, men det er vi som har fordelen av å bu på solsida.
Etterpå var vi ein tur til gravplassen på Askjelhaugen.Nesten nifst å sjå kor mange kjende som er gravlagde der på få år. Fleire berre her frå Starevegen.
No har Nils koka ertersuppe og det luktar fortreffelig. Vi er enno ikkje ferdige med forkjølinga, så varm suppe gjer sikkert godt.

1 kommentar:

Hildegard sa...

Fine bilder, kjekt å kome seg ut på tur mens det er lyst, mykje vind her. Mildt og vindstille kveld, så vi gjekk ein fin kveldstur.

Dagbok 2024: 4.mai

Dette bildet er tatt i dag.  Klokka er no 17.23, temperaturen ute på trappa er + 22grader C, sola skin og det har ho gjort i heile dag. Kjem...