Klokka er no ca 15.00, og eg sneik meg ut mellom bygene for å ta bilde av dei rosene som har greidd seg sånn nokonlunde under regnveret. Dei gule rosene vart heilt øydelagde av regnet. Temperaturen ute er + 13 grader. Og no skin sola! Det er bra for Nils, som er på kommunestyremøte, for dei skulle ta skiheisen opp og halde møte på "fjellet".
Det første eg gjorde i dag var å pusse stovevindua innvendig. Så var vi ein tur nedover og handla. Og som vanlig trefte vi folk å prate med. No har eg hatt meg ei lita kvilepause før eg skal støvsuge. Har ikkje så veldig mykje på programmet i dag.(Eg set opp programmet sjølv, så kanskje det blir ein del lesing og strikking?)
No er vi i full gang i pensjonistlaget, har hatt to møter denne veka, og i dag fekk eg mail frå kinosjefen, som spør om det er på tide å starte opp att Seniorkinoen. Klart det! Han foreslo "Hodejegerne" i september og "Barnepiken" i oktober. Eg skal innrømme at eg hadde lyst å sjå "Hodejegerne" då den gjekk her, men tenkte eg ville vente og sjå.......Når det gjeld "Barnepiken", så trur eg det er ein godbit. Mange har sikkert lese boka, og likt den. Det har eg i alle fall. Agiterer litt for Seniorkinoen her på bloggen, for det ville vere kjekt om fleire tok imot det tilbodet. Det er inga aldersgrense verken oppover eller nedover. Kjekt om vi fyller salen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 20.oktober
Sola har gått ned bak fjella, og det er kveld. Det har vore ein nydeleg dag med mykje sol. Klokka er ca18.30og temperaturen ute er + 4grade...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
3 kommentarer:
Eg er imponert over film -ønskelista til pensjonistane i Ørsta. Eg treng visst ikkje ha dårleg samvit fordi eg i min alder diggar krim. Det er no litt anna enn Poirot, Miss Marple og Derrick.
Siste nytt i pensjonistlaget her er seniornett, sjå
http://www.eidaportalen.no/nyhende/item/2052-skipar-seniornett-eid
Kinosjefen/kultursjefen er ein veldig grei samarbeidpartnar.Han forstår at vi gamle gjerne vil sjå aktuelle fimar, og sidan Ørsta har premierekino, får vi dei nye filmane like tidlig som i Oslot.d.
Synest du og Svein må ta ein tur oppover på kino ein gong. Kinosjefen heiter Bjørn Holum, og song i si tid i SKRUK, han var også med i korslaget i 1.sesongen.
No er vi venner på FB-det var han som spurde!
Legg inn en kommentar