søndag, september 25, 2011

Vermelding 25.september 2011

Klokka er snart halv sju. Det er overskya, opplett og +15 grader C. Veldig behagelig ver!
Har nettopp gått ein tur rundt omkring på Vallabøen, med lydbok på øyret. Det er ikkje noko som eg plar gjere. Nils for bort på kaia og skulle sjå om han fekk eil lyr. 
Det har vore ein litt tam dag. Før middag tok eg ein tørn med å feste trådar på ørten par lestar, mens eg rippa bok og la inn på MP3-spelaren.

1 kommentar:

Bjørg sa...

Eg såg kommentaren din. Vi har Mørenytt. Så vi fylgjer med det som skjer i Ørsta. Ser at Pensjonistlaget driv godt! Dei var heldige med sekretæren.
Her går dagane fort. Vi har hatt noko å gjere kvar dag. Hans er litt bekymra for at arbeidet skal ta slutt. Men viss det det skjer, får vi heller ta ein tur til Sunnmøre.

Dagbok 2026: 20.oktober

 Sola har gått ned bak fjella, og det er kveld. Det har vore ein nydeleg dag med mykje sol. Klokka er ca18.30og temperaturen ute er + 4grade...