Denne forfattaren har skrive mange bøker, dette er den tredje eg har lese. Mest kjend er vel "Pike med perleøredobb", som også er filma. Den boka gjorde seg betre som film enn som lydbok i alle fall. "Uskyld" minner på mange måtar om den boka. Her er ei relativt enkel historie, her er mykje dialog, men forfattaren tolkar ikkje, det er opp til lesaren. Her er også ein kjend person med i handlinga, nemlig Willian Blake. Som skriv dikt, trykker bøker etc.
Styrken til denne forfattaren er skildringa av menneske og miljø. I "Uskyld" tek ho oss med til London sist på 1700-talet, til eit miljø av fattige arbeiderar, som slit og strevar for småpengar.Men det er ikkje så mykje fokusert på fattigdommen, meir på sirkuset i nærleiken og alle pubane, der dei finn avveksling.
Dette er i tida rundt den franske revolusjonen,der kongen blir myrda og kongedømmet avskaffa, og somme har redsel for at det samme skal skje med den engelske kongen og kongedømmet.
Forteljestemma er ekstern, men sidan teksten inneheld mykje dialog, får den farge av at handlinga mest dreiar seg om svært unge menneske.Den kan med andre ord virke "barnslig"- ikkje at eg legg noko negativt i det.
Eg har veldig mykje pent å seie om denne boka, men den er ingen page-turner. Som lydbok framstår den som noko langdryg og kjedelig i periodar.
Eg vil tru at også denne boka ville gjort seg betre som film.Engelskmennene er gode på historiske filmar og seriar.
Om du vel å lese denne boka, vil eg anbefale å lese om William Blake først. Stoff fin du her: http://no.wikipedia.org/wiki/William_Blake.Eg vil tru at også denne boka ville gjort seg betre som film.Engelskmennene er gode på historiske filmar og seriar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar