Klokka er snart 13.30, ute regnar det, og temperaturen er +11 grader.
Vi starta så optimistisk på hagearbeid rett etter frokost, men det vart ei kort arbeidsøkt, for regnet kom før klokka var 11.
Eg spratt opp i halv åtte tida i dag, frisk og opplagt og veldig fornøgd med meg sjølv.Her skulle eg virkelig få gjort unna både det eine og det andre. Men det vart altså ikkje som eg trudde. I staden måtte vi ein tur nedover og kjøpe nytt batteri til klokka mi; den var to timar for sein, hadde stoppa på halv åtte.Så fekk vi gjort eit par andre ærend også. Og sidan det framleis regna, tok vi ein tur innom "Gjenbruk", har ikkje vore innom sidan dei omorganiserte og rydda opp.
For folk som likar å gå og leite etter forskjellig gammalt, er det eit eldorado, og sjølv finn eg alltid eitt eller anna å kjøpe.I dag vart det ei glasskål, er litt svak for farga glas.Og så er det litt noskalgisk og vandre rundt, for alltid ser ein eit kvart som ein har hatt maken til ein gong.
Viss nokon er interessert, finn de butikken om de svingar opp til venstre ved kyrkja og køyrer rett fram.Butikken ligg der vi kallar Nupensvingen.I underetasjen har dei møblar o.l. Der var vi ikkje i dag.For folk som likar å gå og leite etter forskjellig gammalt, er det eit eldorado, og sjølv finn eg alltid eitt eller anna å kjøpe.I dag vart det ei glasskål, er litt svak for farga glas.Og så er det litt noskalgisk og vandre rundt, for alltid ser ein eit kvart som ein har hatt maken til ein gong.
Det er ei misjonsforening som driv butikken, alt dei tener går til misjonen, og dei som jobbar der, gjer det gratis. Dette var dagens reklame. Det er forresten mange unge som handlar der, for å finne noko som ikkje alle har maken til.
Her er litt av vareutvalet. Problemet for oss som har levd ei stund, er vel helst at vi har nok frå før.Men somme ting kan ein jo kjøpe berre for artigheita, og unnskylde seg med at det går til ei god sak.
2 kommentarer:
Eg synest eg ser delar til det brune middagsserviset med gul stripe som vart kjøpt til min konfirmasjon!
Eg har sameleis i kjellaren som eg har tenkt å gi til ein som flyttar.
I dag har eg fått beskjed om å pakke ei kasse med kjøkenutstyr slik som eg har trua med lenge!
Jernsteikepanne til han har eg ikkje, har du gitt vekk dine?
Eg kommenterte ikkje det brune serviset, skulle teste om nokon oppdaga det. Vil du ha meir?
Vi heiv nokre steikepanner for litt sidan, men eg har framleis jernpanner igjen.Men eg brukar heller andre, for komfyren blir så "feit" av dei.Til ungdommar vil eg heller anbefale billige panner frå Europris, dei er lette å vaske og reinslegare.Elles har eg sikkert diverse eg kunne unnvere.
Legg inn en kommentar