Klokka er snart 14.00. Temperaturen er + 14-15 grader C. I heile dag har skodda lagt tjukk, nesten heilt ned, men no prøver sola å kome seg igjennom. Vi får håpe ho greier det.
Føremiddagen har eg brukt til vasking av hus m.m., mens Nils har styrt med fisk. No har vi nettopp ete ein tidlig middag men steikt makrell. Det smaka fortreffelig, men eg veit av erfaring at det ikkje er slik mat ein har lyst på ofte. Fleire av naboane har sikkert også makrell til middag i dag. Vi deler godene. Viss alt går etter planen skal vi på konsert i Volda klokka 17. Amanda skal spele på musikkskulekonsert. Ho spelar framleis kornett, men frå hausten av vil ho spele gitar på musikkskulen, men halde fram med kornetten i korpset.
I dag er det altså 7.juni, ein merkedag i norsk historie, den dagen kong Haakon 7. sette foten på norsk jord etter at 2.verdskrigen var slutt. Eg meiner dei valde denne datoen av ein bestemt grunn, men kan ikkje hugse kva grunnen var. Nokon som kan hjelpe?
Elles fyller nevøen vår, Arild, 49 år i dag og vi gratulerer med dagen. Han var berre ein mnd. gammal då han var med i bryllaupet vårt, så neste år kan vi feire gullbryllaup om vi lever og har helsa, og Arild blir 50. "Inte visste jag at alla dessa dagar som kom ock gick, var själva livet." Tida går fortare til eldre ein blir. Dessverre.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar