mandag, juni 06, 2011

Olaug fyller 14 år i dag.

Dette bildet har eg stole frå Ingeborg- eit blodferskt bilde av jubilanten.
Som vanlig når eit av barnebarna fyller år, kikar eg litt i gamle album, og denne gongen landa eg på nokre bilde frå 1998, då Olaug var eitt år gammal. Trur neppe det er 1-årsdagen, men kanskje ei feiring seinare på sommaren.
Kanskje hugsar ho haien? Eg hugsar den når eg ser bildet.
Eg trur bildet må vere tatt etter at Nils og eg var på ferie, for eg kan hugse at det var vi som kjøpte dei underlige hovudplagga som brørne har på seg.Når ein drog i ei snor, klappa "hendene" i hop.
Ingeborg og Eirik sit heilt til venstre.Fleire var det ikkje den gongen.

 Olaug er ei tøff jente, det er ein nødt til å vere med tre eldre brør.Og som brørne, sparkar også ho fotball. Og så spelar ho i korps.Ho svingar lett opp med både mat og fint dekka bord;der har ho litt å slekte på. Ho er kort sagt både flink, kjekk og grei.
Gratulerer med dagen,Olaug!  Håper det blir litt "feiring" i dag også. Ha ein fin dag !

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 28.mars

 Klokka er no19.15, temperaturen ute er +4grader , og det  er overskya og litt regn. Idag har det vore ein litt spesiell dag fordi eg fylte ...