søndag, juni 05, 2011

Vermelding 5.juni - 2011

Klokka er snart halv åtte, temperaturen ca 14 grader C og sola skin enno. Det har vore ein fin dag med sol frå nesten skyfri himmel, men varmt har det ikkje vore. På Hareid, der vi har vore det meste av dagen, bles det kald vind, men det var lunt og fint på altanen, så vi sat ute for det meste. Vi fekk både herlig middag med svinesteik og kjøttkaker, og seinare vart det kaker og kjøpepizza i staden for annan saltmat. Vi feira 14-årsdagen til Olaug -sjølve fødselsdagen er i morgon.Alle var heime på Hareid i dag, sidan Audun har studentferie, og så var Margrete og ungane også med i selskapet.Vi måtte no feire Amanda litt også, sjølv om det er ei veke sidan ho fylte år.
Bilda har eg tatt frå altanen der vi sat og sola oss. Solveig har tatt mykje betre bilde enn eg fekk til inne, så eg legg ikkje ut mine.
Vi takkar vertskapet for ein flott dag!

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Kjekt å lese/sjå frå bursdagsfeiringa på Hareide. Mange bursdagar å feire etter kvart.

Besta sa...

Ja, særlig i juni, då har vi pgså Margrete, Øystein og Einar+ Solveig 3. juli.Så det blir såkalla "samlingar".

Dagbok 2024:22.desember

                                                 Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er    grader C og det regnar litt småt...