Klokka er 12.00, temperaturen er + 15 grader,det er opplett og berre litt skodde.Det går altså an å vere ute.
Nils har greve opp singelen under altanen, og eg har hjelpt til med å rake bort grastuer, vassarv og anna rusk. Etter ein rundtur i hagen, kan eg konstatere at det er eit godt år for vassarv, anna ugras og lauv.
Av positive oppdagingar var at det har kome blomster på den nye clematisen.Kanskje ikkje den beste fargen til raud bakgrunn, men fint likevel. I beddet ovafor huset oppdaga eg at det har kome blomsterknoppar på planten eg fekk av ein nabo tidlig i vår. Veit ikkje kva den heiter, men dei finst rundt om i alle butikkar.Då vi fekk den, sa givaren at det eigentlig var ein staude, så eg planta den ut, utan alt for stort håp, men sjå no: Den blomstrar igjen! Tru eg vil ha fleire slike. Den kjempehøge riddarsporen hadde ikkje brotna i alt regnet og vinden, og det var bra, men stilkane er så sprø at dei brotnar for eit godt ord. No skal vi shine oss opp litt, og så blir det kanskje ein tur til Volda. Der har kome ein ny garn-og handarbeidsbutikk, som eg har lyst å kike litt på. Har strikka ny fot i mange lestepar, og to-tre par lester av garnrestar, så no treng eg noko nytt. Det er ikkje så lenge til jul !
1 kommentar:
Eg planta ut slike klokker (Campunala eitt eller anna) i fjor, og dei har kome svakt tilbake. Men dei blomstra tre gonger i fjor- inne og ute.
Legg inn en kommentar