søndag, juni 19, 2011

Margrete fyller år.

I dag kan vi gratulere Margrete med dagen. Både bror min og eg og dei seks borna vi  har er fødde på sjukehuset på Nordfjordeid. Så vidt eg veit er 9 av dei 11 barnebarna hans komne til verda på dette nedleggingstruga sjukehuset.
Margrete vart fødd ein varm og fin sommardag for mange år sidan, sjølv seier ho det er 29, men det har ho sagt lenge. Frå første stund hadde ho ein glupane appetitt og hadde lagt godt på seg før vi kom heim frå føden.Tre veker gammal vart ho døypt i Eid kyrkje. Det var ein nydelig sommar det året, så vi fekk vere mykje ute.Etter dåpen flytta vi heim att til Ørsta, til Melle der vi budde den tida. Eg ønska meg ein unge som sov og åt, og det fekk vi.
Eg lurer på kor gamle "ungane" skal bli før ein sluttar å mimre om korleis det var då dei kom til verda?
Margrete er no ei travelt arbeidande yrkeskvinne og 4-barnsmor som i ledige stunder slappar av med å bestige eit fjell eller sju.Feiring av fødselsdagen blir det ikkje tid til enno, vi får samle opp til ei fellesfeiring, ettersom Øystein, Einar og Solveig også har fødseldag i nær framtid.
Gratulerer med dagen, Detemola!
Etter å ha lese Ingeborg sitt blogginnlegg, blir dette ei svært prosaisk helsing, men eg trur dei som er unge i dag er flinkare enn vi gamle til å uttrykke kjensler i ord. Og det er bra!

4 kommentarer:

Hildegard sa...

Gratulerer med Margrete! Vil berre gje tilbakemelding til Besta at Kristoffer er fødd på det gamle Rikshospitalet i 1988 og Henning på Førde sjukehus i 2004. Ikkje enkelt å halde styr på alle dei 22...

Besta sa...

Nei, det er snart gjort å rote det til, særlig når ein ikkje tenkjer seg skikkelig om.For eg visste det eigentlig.

arieldog sa...

Eg tek imot alle helsingar med takk, prosaiske eller ikkje :)

Besta sa...

Eg skreiv no "dikt" i fjor!

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...