søndag, mai 08, 2011

Vermelding 8. mai - 2011

Klokka er snart 13.00.Ute er det lettskya, sommarlig ver, og temperaturen på trappa er +24 grader C.Har stort sett gått rundt og surra i dag, er litt plaga med hofta, så det blir ikkje så mykje aktivitet.Har gått rundt i hagen for å prøve og finne ut kva som er liv i etter denne harde vinteren, og kva som må rykkast opp og kastast på elden.
Det er ikkje så mykje fint å sjå i hagen enno, så eg gikk utover vegen til ein nabo som har litt meir orden på sakene enn det vi har, og tok bilde der.Trur knapt her er eit menneske heime i heile Starevegen, dei fleste nyttar vel godveret til diverse turar, men når det gjeld bilturar vil eg heller reise på kvardagar når butikkar etc. er opne. Fjell- og skogsturar kan eg berre gløyme. Sånn er det berre. Middagen i dag blir lettvint: restar frå i går.
Klokka er snart halv åtte. Nils kom akkurat heim etter ein liten fisketur. Han var ut på Setre og fiska frå land, ein stad der ein alltid får EIN lyr.Det fekk han i dag også . Ganske stor og fin, som vanlig.

3 kommentarer:

solveig sa...

Eg rettar engelsk innimellom pausar i sola. Det er siste rettebunken min i år. Elles skal vi i etterpålag klokka sju.

Hildegard sa...

Fint og varmt i dag, håper du har fått kosa deg på verandaen. Vi var ein tur til Kristoffer i Ålesund, sjå blogg. Vi var slitne av å ha gått ute i fineveret i mange timar, så det vart ikkje besøk i Starevegen i dag.

Besta sa...

Eg er litt stiv og støl i kroppen, særlig på føremiddagen, så vi fann ut at vi skulle halde oss heime. Må ta vare på den sola vi kan få.
Men det er i fineveret det er kjekt å fare på tur også.

Dagbpk 2024: 17.mai

 Då er klokka 19.00 på sjølvaste 17.mai Det er enno sol og varmt ute, +22 grader har no, på føremiddagen var det oppe i + 28 grader, så eg v...