lørdag, mai 14, 2011

Vermelding 14. mai - 2011

Klokka er 15.30, temperaturen er +14 grader C, det er overskya med litt regn, og små gløtt av sol. Ikkje så verst altså, og godt voksterver for plenar.
Vi har nettopp ete middag, og i dag vart det Taco. Må berre skrive det, så folk forstår at vi et litt anna enn fisk.
I dag før middag sa Nils: "Skal vi ta ein tur til Måløy?". Men eg ville heller ein tur til Stryn. Etter litt akkedering fram og tilbake, vart vi enige om at det var for seint på dag å fare nokon stad, så det blei ein tur til VIk og Amfi. På Amfi er det stappfullt om laurdagane, mykje folk utanfrå. Trefte mange vi kjende, og det er alltid kjekt. Særlig kjekt var det i dag å treffe ein tidligare elev og god venn få Kroatia. Ja, han er nordmann no, og jobbar i Ørsta.
I kveld er det MGP, men det er ikkje same stasen når ikkje Norge er med. Så lenge som både Norge og Sverige er med, er det viktig for oss å "slå" svenskane, men når vi ikkje er med i konkurransen lenger, heiar vi på Sverige. Slik er det i alle fall ofte med meg.
I dag fyller tvillingane Ruth og Gerd 70 år. Dei er bortreiste på dagen, begge to, men det kan no hende dei les bloggen. Gratulerer med dagen i alle fall!

3 kommentarer:

solveig sa...

Eg har ikkje engasjert meg i grand prix etter at Norge rauk ut gadd eg ikkje å sjå opptaket den kvelden eg prioriterte dei frustrerte fruene.

Hildegard sa...

Vi har hatt godt arbeidsver i dag. Har vore ute mesteparten av dagen og jobba i hagen, slått plen og trimma kantar. Vi har utsett slåinga lengst muleg fordi det er ein del skade på plenen etter isen i vinter. Av erfaring veit vi at når det lid på sommaren blir det alltid nok gras! Denne veka har eg ordna med krukker/samanplanting av stemorsblomar på dei 2 gravene vi ser til på Stokkenes. 50 år no i mai sidan far dykkar gjekk bort.

Besta sa...

Ja, pappa døde 12.mai og vart gravlagd den 18.1961-utrulig at det er så lenge sidan.
Kjekt at de ser til gravene.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...