søndag, mai 01, 2011

Vermelding 1. mai - 2011

 No er klokka akkurat 16.00. Temperaturen ute er + 18 grader og det har vore strålande ver i heile dag.Nils var ute og gikk i tog i dag tidlig, men slikt er ikkje noko for meg; då tenkjer eg på gåinga, ikkje den symbolske handlinga.No er han på folkefest på Kulturhuset, der kunne eg ha tenkt meg å vore med, men bestemte meg for altanen sidan eg har vore så mykje inne dei andre solskinnsdagane. Det er ikkje særlig sol og varme på altanen før etter klokka 12-13, dermed får ein gjort litt inne før ein går ut. I dag blei det ikkje skikkelig middag; vi åt krabbane som Nils fiska i går, og dei var det sant å seie ikkje mykje i. Vi tek det vel att på kveldsmaten, og i morgon kjem Margrete og ungane, så då skal vi ha "søndagsmiddag".
Der kom Nils att frå "festen"-han hadde tatt feil av tidspunktet, det begynte klokka 15-ikkje klokka 16.Jammen glad eg ikkje shina meg opp og gikk! Han fekk no helse på Lysbakken, så heilt bomtur var det ikkje.
I dag vil eg gratulere søskenbarnet mitt i Stryn som fyller 69 år dennne vakre vårdagen. Synest ikkje det er lenge sidan vi var i 60-årsdag, åra går berre fortare og fortare. Gratulerer med dagen, Kjell !

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...