I går såg eg årets første sommarfugl i lag med Ingeborg. Vi var ikkje heilt sikre på kva slags type det var, for der er mange som liknar denne.No har eg bestemt meg for at det var ein Neslesommarfugl, ein av dei mest vanlige på våre kantar. I dag såg eg ein Sitronsommarfugl, som er lett å kjenne på den sitrongule fargen. Og så tenkte eg at eg kanskje kunne prøve å lære litt meir om sommarfuglar i år. Gamle folk skal lære seg noko heilt nytt kvar dag for å unngå å bli sløve, har eg høyrt.
søndag, mai 01, 2011

Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 5.september
Siste slåtten i år, om ikkje Solveig får lyst å klippe meir. Klokka er no16.30, temperaturen ute er +18 graderC,...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
2 kommentarer:
Er det den til venstre som legg egg og dermed fører til larvar på blomkarsen? I år har eg sådd blomkarse etter eit opphald skulda slike kryp ...
Nei, den heiter kålsommarfugl og er kvit. Den kjem sikkert med i neste kapittel. Ikkje før hadde eg skrive om sommarfuglane så kom der eit sommarfuglprogram på NRK 1-men då var eg hekta på krim.
Legg inn en kommentar