mandag, april 25, 2011

Vermelding 25.april - 2011

Klokka har passert 12.00, eg har ikkje vore på føtene så lenge. Men Nils har alt vore ute og fiska. Fikk rikelig med halvstor sei, så det blir nok fiskemiddag i dag også. Han reiste ut åleine, for han fikk ikkje tak i Hassan på telefonen. 
Eg vakna i 6-tida, stod opp og tok smertestillande og la meg att, las og sov. Når ein er så dum at ein spring rundt berrføtt i "vårlufta" får ein ta konsekvensane. Er relativt bra no.Men det er skodde i dag og kjølig, berre+ 12 graderC.Kjende nokre små regndropar også. Har heldigbis fått tørt det meste av klesvasken, nytta det nydelige tørkeveret i går. 
Vi har ingen planar for dagen, likar betre å fare på turar på kvardagar, vi som har høve til DET. Då er butikkane opne for eksempel.
I dag fyller Wenche på Kongsberg år, vi hadde ei fellesfeiring i påska, håper at ho følte seg involvert i den, det blei vel ikkje sagt så rett ut, det er barna som får mest fokus, som rimelig er. Håper det er fint ver på Kongsberg i dag, for i morgon er det på jobb igjen for Wenche sitt vedkomande.
Gratulerer så mykje med dagen, Wenche!


2 kommentarer:

Wenche sa...

Takk, for det. Her er det over 20 grader og strålende. Vasker hus og roter i hagen, guttene hopper og koser seg. Rasmus skal visst bake noe nytt til i kveld.

Besta sa...

Ja, no er det skodde og regn her igjen. Det blei forresten fersk småsei til middag i dag igjen; Nils hadde ein fin fisketur i gryotta.No har vi spist og HAN skal sove middag.Eg skal lese for eksempel.Ha ein fin dag!

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...