Klokka er no 13.00. Temperaturen ute er + 2 grader C, det er skya, men sola er framme litt av og til.Og så har vi fått meir snø, og sparkeføre. Eg har spøkt med at eg ville gjerne hatt sparkføre heile året, og no kan det sjå ut som om det går troll i ord. Eg har vore ein liten tur; bildet er tatt frå toppen av Storebakken, der var snøen delvis smelta, i gatene lenger nede var det betre føre. Men eg fekk meg i alle fall ei fin runde og frisk luft. Det gjer seg. Nils driv og tinar diverse restar frå frysaren som vi skal ha til middag. I morgon skal vi ha skikkelig mat. Vi lid ikkje nød uansett.Reknar med at Solveig &Co kjem heim i dag. Rasmus m/fam er på hytta i Telemark, dei må vel også heim, sidan Wenche skal på jobb og Eivind på skule.Eg har diverse problem på bloggen for tida, må som regel innom to nettlesarar for å få redigere. Ja, maskinene skulle sikkert hatt seg ei skikkelig overhaling.Det er ikkje alt Besta kan klare sjølv.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 8.mars
Klokka er no 16.30, det er overskya ute, men opplett. Eg kom akkurat heim frå ein tur på Fonnvernet. Det var kjekt der i dag, for eg møtte e...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
3 kommentarer:
Om ikkje du kan nytte sparken heile året, så kunne du i alle fall hatt ein rullator når sparkføret er dårleg........ Solveig
NEI- eg treng ikkje rullator. Enno i alle fall.
Spesielt kjekt med vermelding når ein er ute og reiser. Så var vi i alle fall budde på snø!
Legg inn en kommentar