fredag, mars 25, 2011

Vermelding 25.mars 2011

Klokka er13.45. Temperaturen er +3 grader C og akkurat no er det litt sol. Før i dag og sist natt har det kome ein god del nysnø, noko som vi ikkje set spesielt pris på. Vi er leie av vinter, for å seie det forsiktig.
I dag har vi ikkje gjort stort anna enn at vi har vore nedover og handla. Først var vi på El-kjøp og eg fekk meg ny mobil i bursdagsgåve av Nils. Utvalet var ikkje imponerande, men eg fann no ein som eg trur eg greier å handskast med.Merket er Samsung. Er ikkje så veldig glad i alle desse nye duppedittane som eg må lære meg å bruke. Kunne bruke same kortet og same koden som på gamletelefonen, derfor har eg alle nummera på plass også.Eg klarer nok å finne ut av det, men eg blir så fort lei av å sitte å fikle med sånt-i motsetning til den yngre garde.
Vi kjøpte oss ein ferdiggrilla kylling til middag i dag.
Ønsker alle lesarane ei god helg.

3 kommentarer:

Hildegard sa...

Gratulerer med ny mobil! Eg tykkjer også det er greitt med ein enkel mobil utan alt dikkedariet.
Eidabesta

solveig sa...

Eg synest du skulle ha lagt ut bilde av den gamle ved sida av ;-)

arieldog sa...

Heilt einig med deg i at fikling er kjedeleg!

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...