Klokka er 14.00.Det er strålande ver ute, og temperaturen bak huset er +7 grader C. Snøen timar nok litt på dagtid, men det monar lite så lenge det er nattekaldt. No har vi gått ein tur i fineveret. Gikk verken fort eller langt, men traff folk å prate med. Det viktigaste er å vere ute.
Før vi gikk ut, hadde eg rydda og vaska i leiligheita, mens Nils rydda i kjellaren, så vi kunne gå tur med godt samvit.
Kl. 21.00: Nils og Hassan var utpå og fiska i ettermiddag/kveld. Dei fekk ein del sei, så no har vi MAT i huset igjen.
Har div. problem med begge datamaskinene. Har problem med å kommentere under bloggane t.d. så de trur kanskje ikkje at eg les dei, men det gjer eg. Kjem meg heller ikkje inn på Nettbanken. Tenkte eg skulle greie meg til Rasmus kjem oppover, men om de veit om nokon som kan hjelpe, så vil eg gjerne ha eit tips.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: fredag 11. september
Klokka er no17.22, temperaturen ute er+13graderC og det er regn og skodde Men eg har likevel hatt ein strålane dag. Takka vere Margrete ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
3 kommentarer:
Ikkje mykje hjelp eg kan gi, dessverre...
Eg hadde problem med nettbanken før førre helg. Måtte installere oppdateringar av nettlesaren (bruker Firefox) og restarte maskina - då løyste det seg av seg sjølv. Du kan også sjekke om du må utvide Java-en din.
Eg kom meg til slutt inn i banken på Firefox og fekk ordna betalinga. Fekk beskjed opp å oppdatere Java, men det var så kronglete at eg fekk det ikkje til.
Kan no prøve igjen seinare.
For å kunne skrive kommentarar på andre sin blogg , går eg inn på Google Chrome.
Legg inn en kommentar