onsdag, mars 23, 2011

Dikt til 18-åringen.

         Det er den draumen.

Det er den draumen me ber på
at noko vidunderleg skal skje
at det må skje -
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg,
at kjeldor skal springa -
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

Olav H. Hauge.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 11.november

Klokka er no 15.10, temperaturen ute er +5graderC , men på skjermen var der varsel om snø. Det har vore opplett i dag, og ei lita stund var ...