søndag, februar 06, 2011

Vermelding 6.februar - 2011


Klokka er16.00 .Veret i dag er ikkje mykje å ta bilde av. Det er om lag som i går, berre med litt regn i tillegg. Temperaturen er + 2 grader. Må prøve å få vaska stuevindua før sola kjem fram i slutten av veka, slik dei ser ut no er det ikkje mykje vi ser gjennom dei.
Eg valde å ikkje vere med på restaurant i dag, er plaga med mykje verk i kroppen, særlig om natta, og då er eg ikkje så opplagt om dagen heller. Fuktig og rått ver er ikkje noko for meg.
Dagens lyspunkt er den fine orkidéen som Nils fekk av Hassan.
No har vi sett Gullfiske i reprise sidan vi ikkje såg programmet i går. Dansen var morsom, elles må eg innrømme at eg ikkje har sett meir enn 3-4 av reklamefilmane før. Ser i grunnen lite TV, det er fredagskveldane på NRK1 som er min TV-kveld, elles går det i sport.

3 kommentarer:

solveig sa...

Yngstemann og eg såg Gullfisken saman. Dansen var ustyrteleg morosam.

Besta sa...

Eg hadde sett den på FB før. Synest dei innringingsprogramma tek overhand på både den eine og den andre kanalen.

Hildegard sa...

Såg ikkje Gullfisken, vi ser også på NKK1 fredags kveldane. DnB NOR si reklame for Pensjonssparing, som vann gullfisken, er tankevekkande på meir enn ein måte.

Dagbok 2024: 15.april

Alt av bilde som eg hadde på PC en er borte vekk, men eg er ikkje heil hjelpelaus, for bildet av blomstane frå i fjor låg ein annan stad på ...