mandag, februar 07, 2011

Vermelding 7.februar - 2011

Klokka er no 12.45. Det er+ 2 grader ute og det regnar og haglar. Men sidan det tross alt er mildver, fann eg ut at eg kunne i alle fall VASKE stuevindua utvendig, så får eg heller ta finpussen seinare. Eg spraya med ei blanding av Zalo og vatn og for over med mopp. Så kom Nils heim og rigga opp hageslangen så eg fekk spyle. Han spyla altanplata som var ganske skiten etter at diverse fuglar har ete der-og gjort det som verre er. Til slutt tok eg inn det store dynetrekket som har hange ute i minst ei veke, og var våtare enn nokon gong. No får det ein ny omgang i vaskemaskina-og så blir det trommel!
Legg merke til dei fine vottane Nils har på bildet. Eg strikka dei i fjor vinter av restegarn-det er dobbel finull.Tova har han gjort sjølv-med hand. Det er eigentlig "fiskevottar".
I dag ventar vi Margrete og ungane til middag, det er blitt ein tradisjon at dei er her annankvar måndag.Somme tider kjem Einar også, men no er han i England på studietur. Eg har inntrykk av at han får sett ein del fotballkampar også.Skimtar sola gjennom skyene, kjem ho fram no, har vi sol heile dagen.
Ønsker alle ei god veke!

3 kommentarer:

solveig sa...

Vi og får høyre at det står til liv, og at han utnyttar tida godt av dei som er venn med han på facebook ...

Besta sa...

Håkon er vel venn med han, så han er oppdatert?

Hildegard sa...

Vakkert heading-foto frå småbåthamna på bloggen din.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...