Bildet tok eg for ein ca 1 time sidan, då lava snøen ned. No er klokka halv 4 og det er litt lettare. Temperaturen er + 2 grader C. Når ein ikkje kan vere ute her heime, eller gå tur, må ein finne på noko anna. I dag vart det ein tur til Vik igjen. Vi gikk heile gågata fram og tilbake for mosjonen sin del. Der var sanda så det var fint å gå midt i gata, fortaua var ikkje like godt moka alle stader. Trist å sjå alle dei tomme butikklokala - folk møtest på Amfi, der det er både varmt og tørt. Det er mange pensjonistar som går på Amfi for å treffe "folk". I dag trefte vi Ruth og Harald, og det vart til at vi sette oss inn i kaféen og fekk oss ein lang prat over ein kaffikopp, før vi handla frå oss. I dag kjøpte Nils ein frosen ørret som han skal grave. Han har laga gravlaks før, og det er ganske enkelt. Vi likar det. Og så skulle eg ha hyllepapir. Eg fann det ikkje på den vanlige plassen, og spurde butikksjefen kvar hyllepapiret var blitt av. Han svara:"hyllepapiret ligg i hylla- ha.ha". Der låg det altså ikkje, og han kunne opplyse at det var ute av sortimentet, men eg kunne høyre på -nille. Eg så gjorde, og der fekk eg høyre at hyllepapir var gått ut av produksjon, men at mange spurde etter det. Så er du av dei som brukar noko så gammaldags, så må du hamstre om du kjem fram på nokre rullar. Eg har heldigvis litt på lager.
Var innom Europris og skulle kjøpe ei papir-/boss-korg til å ha på datarommet, for der var ikkje plass til den gamle etter ommøbleringa. Vi fann det vi var på jakt etter og valde ei grøn. Då vi kom i kassa, fekk vi vite at ein ikkje kunne kjøpe EI- prisen var for tre. Der var ein annan sort vi kunne kjøpe, men den kosta like mykje som desse tre.......Ja, ja, vi finn vel noko å bruke dei andre to til, men eg synest dette er for dumt.
Vi hadde gjort klart til middagen før vi for, så den gikk det fort å lage til maten då vi kom heim. I dag hadde vi bitar av sei i kvit saus med løk og paprika. Nils hadde strødd salt på fisken, så eg salta ikkje sausen. Skylde fiske før vi hadde den oppi sausen. Så blei det god middag i dag også.
5 kommentarer:
Fint oppslag i avisa i dag!Eg les alltid bokmeldingane dine med stor interesse, og viss det er ei bok eg har lese sjølv, er det ekstra interessant. Eg er ikkje alltid samd, men det er vel bra..
Heldigvis har folk ulik smak!
Når det gjeld hyllepapir, så kan eg anbefale slike gummimatter i staden, slingredukliknande sak om du forstår kva eg meiner.
Eg skal innrømme at ikkje alle bokmeldingar er så vel gjennomtenkte; det er som oftast noko eg "rablar ned" i full fart med det samme eg har lese boka.Viss folk begynner å lese meldingane, må eg vel skjerpe meg.
Dei er i alle høve sterkt subjektive.
Når det gjeld hyllepapir, brukar eg ikkje så mykje av det på kjøkkenet, men i dei små skuffene på badet vil eg gjerne ha.
Eg reagerte på at dei sluttar å produsere noko som mange spør etter.
Kjekt intevju i MN, utruleg kor du hugsar kva du har lese, kanskje du skulle sendt med journalisten ei bokliste? Du kunne blitt fast spaltist?
I dag har vi hatt seibiff med løk, litt av eit herremåltid - i går var det heimelaga seikaker, godt det også.
Eidabesta
Sidan eg bloggar alle bøkene eg les, hadde eg god hjelp av laptoppen når eg skulle finne fram til bøkene.Men utvalet vart no litt tilfeldig-og eg hadde no lese mange bøker FØR eg begynte med blogginga.
Legg inn en kommentar