fredag, februar 04, 2011

Vermelding 4.februar - 2011

Klokka er snart 14.00. Temperaturen ute er +3,2 grader C. Det regnar litt og innimellom blæs det.
Det er typisk for her vi bur at vinden kjem i rosser, og så er det nesten stilt innimellom. Eit trasig ver i alle fall, men neste fredag skal det bli kaldt og klårt. Det er i alle fall det STORM seier. Og eg håper det slår til.
I dag har det ikkje skjedd så mykje. Eg har vaska til helga og fekk faktisk pussa kjøkkenvindua på begge sider, så no er dei fine, så lenge det varer.Nils har laga til "gravlaks" av ørreten vi kjøpte i går. Det går nokre dagar før vi kan ete av den.
Vi har ete tidlig middag i dag, for vi var tidlig oppe. Og i dag har vi hatt Taco. Ingeborg begynte å skrive om Taco på FB i går og då blei freistinga for stor. No skal eg ha meg ei stille stund med lydboka mi. Held på med ei veldig bra bok no.
Vil ønske alle ei fin helg uansett ver og føreforhold, og i dag kan vi gratulere Oddvar på Eid med 50-årsdagen.

2 kommentarer:

Elin sa...

Kjekt å lese om deg i avisa, Bodil sende over. Ha ei god helg!

Besta sa...

Takk det same, Elin.
Intervjuet var no berre så passelig bra. Men kven bryr seg?(Kanskje eg).

Dagbok 2024: 15.mai

  Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 25 grader og sola skin. Det har ho gjort heile dagen, og eg rekna med at det vart varmt etter kv...