lørdag, februar 05, 2011

Vermelding 5.februar - 2011

Klokka er snart 14.00. Temperaturen er +3 grader C, det er opplett og akkurat no er sola gjennom skydekket.
Etter vinden som var sist natt, måtte vi ut og sjå etter båten.I hamna var alt i orden, men det var veldig høg flo. Det var lett å registrere på den gamle ferjekaia. Elles er det heilt bert der ute, nesten utrulig når ein ser kor mykje snø det er her inne.
Eg hadde eit ærend på biblioteket i dag også, men der var det lite nytt. Fann ei bok av Tove Nilsen, og så tok eg med meg Kvinnen i plast, til tross for at den ligg på eine MP 3-spelaren min. Margrete skreiv om den i går, så eg vart litt nyfiken. Har enno nokre plater att av den eg held på med.
Sidan vi fekk våtare, mildare ver er eg blitt meir plaga med ryggen, hofta og heile kroppen, og det er ikkje så mykje eg kan gjere anna enn å lese.
Vi var innom Amfi i dag også,men kjøpte berre litt mat. Om laurdagane er der så mykje frammande folk.Amfi dreg mykje folk til bygda, ikkje minst fordi der er gratis parkering. Det er kommunen som eig arealet som Amfi får nytte til kundeparkering. Då synest eg faktisk at dei kunne både salta og strødd, så folk kom seg fram på skikkelig vis.
I dag gratulerer vi Anne Marie på Stårheim med dagen!

2 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Ser at bilblioteket er ope på laurdagar både i Ørsta og på Hareid. Det må vere kjekt. Trur aldri det har vore det her. Har lese avisintervjuet med deg. Artig! Du har vel fått mange kommentarar på det og kanskje nye folk innom bloggen? Ha ein fin laurdagskveld!

solveig sa...

Her er biblioteket ope frå 11-14 om laurdagane og til 19 måndagane. Det vert mine bibliotekdagar. I Ulsteinvik har dei ope til 19 tre dagar i veka.
Elles har veret vore svært skiftande her i dag.

Dagbok 2024: 28. april

Klokka er no 22.10, teperaturen ute er + 10 graderC  og vi har hatt fin ver i dag. Den siste snøen som kom i fjella smelta sikkert i dag. Eg...