tirsdag, januar 04, 2011

Vermelding 4.januar 2011


Klokka er ca 11.00, temperaturen er +1-2 grader C og det er opplett. Nils har ein avtale i Vik klokka 11.45, så han var tidlig ute og moka i dag. Måtte ein liten tur på taket og ta vekk litt der også. Ja, vi er heldige at han er så sprek at han greier dette til tross for alderen.
Eg skal vere med til Vik, har ikkje vore ute for ei dør sidan i fjor. Dermed måtte eg ta ein kik i Møre-nytt for å sjå kva som er på gang. No veit alle nynorskfolk at det heiter SAL og ikkje SALG på språket vårt, anten vi likar det eller ikkje. Men vi har vant oss til at butikkane reklamerer med SALG og skuldar på at dei får plakatar etc. frå kjedane sine. Men eg må innrømme at eg stussa litt då eg såg denne sida i Møre-Nytt idag.I gamle dagar skulda dei på ein dei kalla "Prentesvarten"-kanskje er det han som har vore på ferde?


1 kommentar:

solveig sa...

Eg får ta eit bilde av taka her. de bur i ei snøhole!

Dagbpk 2024: 17.mai

 Då er klokka 19.00 på sjølvaste 17.mai Det er enno sol og varmt ute, +22 grader har no, på føremiddagen var det oppe i + 28 grader, så eg v...