mandag, januar 03, 2011
Vermelding 3.januar 2011
Klokka er no ca 13.45. Det snøar ute så det halve kunne vore nok, og temperaturen er minus 1 grad C.
Hadde tenkt å rydde ut jula i dag, men så fann vi ut at vi kunne ha "jul" ei veke til.
Eg har støvsuga, og så har eg starta eit prosjekt som heiter det same som Solveig sitt: Strikke litt. På den måten håper eg å kunne gjere litt handarbeid, berre eg passar på å ikkje overdrive.
Nils har fått mykje god mosjon denne vinteren, sidan det snøar så mykje. Han har tilbod om å bruke snøfresaren til naboen, men har valt å moke med hand. Eg er sår i halsen og lurer på om eg blir forkjøla igjen, slapp lett unna då vi begge var forkjøla ei stund før jul. Men det er ikkje så mykje å bekymre seg over når ein ikkje skal på jobb eller har andre plikter.
I dag skal vi ikkje lage vanlig middag, men ete brød og pålegg som vart innkjøpt til jul, men som det ikkje har gått så mykje av. Vi et som regel godt til middag, mens dei andre måltida er spartanske. Ikkje for å spare pengar, men kaloriar.
I dag kan vi gratulere Arne på Kongsberg med fødselsdagen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 21.November
Starevegen i vinterdrakt Klokka er no 17.32, temperaturen ute på trappa er m...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...
2 kommentarer:
Olaug og eg har vore på handel i Ulsteinvik. Her var det ekkelt snøføre medan det regna i Vik. Då vi køyrde heim att, regna det her og. Berre eg har vore på jobb i dag, men alle dei andre har visst moka på skift.
Ein blir ekstra sliten av glatte vegar, moking og skraping - den snøen held folk i aktivitet!
Legg inn en kommentar