søndag, desember 05, 2010

Vermelding 5.desember 2010

Klokka er no ca 11.30. Det held på å klarne opp ute, og etter kvart som det klarnar går temperaturen ned. No er det minus 5 grader. Etter som det har kome ein del snø, driv Nils og mokar tunet. Det går framleis med handemakt.Det er planar om kjøp av snøfresar i lag med eit par naboar, men dei ville no først sjå om det vart behov. Vi har hatt mykje vinter allereide, og det er ikkje vanlig før jul, så viss det held fram slik, blir vinteren lang. Dei fem åra vi budde på Melle var det lange og snørike vintrar i Ørsta, så det går litt i bølger.
Eg har ikkje tenkt med ut og moke med det første, derimot skal eg prøve å bake litt. Strikketøyet har eg lagt bort for ei stund, denne gongen er det skuldra som streikar. Eit kvart skal det no vere støtt. Litt trasig å stoppe opp midt i eit langt skjerf, men det er no eit relativt lite problem.
I dag vil eg gratulere niesa vår, Anne Merete, i Bergen, med dagen ! Eg har rekna ut at ho er 34 år i dag! Eg bar henne til dåpen i si tid, ho er den eine av dei to barna eg er gudmor til.No er ho mor til tre fine gutar.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 21.November

                                                                Starevegen i vinterdrakt Klokka er no 17.32, temperaturen ute på trappa er m...