Klokka er snart 14, temperaturen ute er 1-2 minus, og vi har fått litt meir snø. Skulle ønska meg enda litt meir snø og LITT kaldare, såpass eg kunne få bruke sparken min. Det blir litt for mykje inneliv på meg denne tida.
I dag har vi vore ein tur på Amfi, men det vart ikkje handla så mykje, anna enn litt mat. Trur eg må ha meg ei runde rundt på butikkane åleine viss det skal bli noko shopping.
I dag har vi vore ein tur på Amfi, men det vart ikkje handla så mykje, anna enn litt mat. Trur eg må ha meg ei runde rundt på butikkane åleine viss det skal bli noko shopping.
No skal eg lage middag, det blir steikt sei i dag, det minkar på fisken i frysaren, så eg håper det snart blir fiskever.
Dei unge naboane rett over vegen fekk seg ei lita jente i natt, veit enno ikkje om ho vart fødd før eller etter midnatt.
I dag gratulerer vi Roger på Eid og Rannveig på Stårheim med fødselsdagane deira!
I dag gratulerer vi Roger på Eid og Rannveig på Stårheim med fødselsdagane deira!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar