mandag, oktober 25, 2010
Vermelding 25..oktober 2010
Klokka er no 13.15, det er same slapse-veret ute som det har vore, og temperaturen er ca +4 gradet C.
Har hatt trøbbel med datamaskinene i det siste, dei vil ikkje virke heilt som dei skal. Særlig har dette gått ut over bloggen. Brukte litt for lang tid på å prøve å fikse i dag tidlig, så vi kom oss relativt seint nedover. Hadde diverse ærend, blant anna skulle eg undersøke om det framleis var 3 for 2 på skobutikken. Det var der ikkje. Men eg kjøpte meg nye lave støvlettar av merket Gabor, som eg har gode erfaringar med.
Har mykje klede som eg må henge opp ute, mellom anna sengetøy og gardiner, så no skal Nils strekke opp fleire snorer på altanen. Vi har kjøpt snor.I dag hadde eg laga meg handleliste og kom heim med det som stod på den+litt til.I dag skal vi ha salta brosme og lange til middag, langa er min favorittfisk.
I dag fyller bror min 69 år og vi gratulerer han så mykje med dagen. Vi har vage planar om felles 70-årsfeiring neste år. Det er berre 1,5 år mellom oss. Elles er det ei rekke fødselsdagar i siste delen av oktober. I morgon er det to med same namn som fyller år. Her i huset brukar vi å slå saman fleire fødselsdagar, elles blir det for mykje av det gode.Ja, eg meiner kaker og anna god mat.
Ha ein fin dag i Alléen !
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 2.mai
Klokka er no 17.32, temperaturen på trappa er + 22grader C, så her er det full sommar i dag. Dagen starta med trim frå 10-11,då eg kom heim ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa. I dag var...
-
Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C. I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er helle...
4 kommentarer:
Fine støvlettar! Eg må berre seie at eg har vorte veldig glad i støvlane eg kjøpte i gågata i Ørsta, lave Ilse Jacobsen (?). Fora støvlar er topp i slapseføre!
Du er kanskje den einaste som likar dette veret?
Nei, men tørre føter gjer det litt lettare å takle;-)
Takk for helsing til Besten. Vi har hatt ein fin dag med mykje besøk. Eit familietreff i 2011 kunne vore
kjekt. Her er det to 50-åringar, ein 45-åring, ein 70-åring, ingen konfirmasjonar til neste år.
Legg inn en kommentar