Klokka er snart halv fire. Vi har nyss ete middag, som i dag var fersk småsei med rips og vaniljesaus til desseret. Temperaturen er no +22 grader C og det er nesten for varmt å ligge rett ut i sola.
I dag for Hassan og Nils ut og fiska klokka 7, men kom tidleg heim att, sidan Hassan hadde time hos legen klokka 11.30.
Eg har rydda litt i hagen, plukka rips etc., ikkje direkte overanstrengt meg.
No skal eg kvile middag og lese på solseng, kanskje er det siste fineversdagen?
Bildet er tatt frå trappa vår, og fjellet rett her oppe er Vallahornet på 830 meter. Bak det fjellet, men ikkje synlig herifrå, ligg Saudehornet som er 1309 meter. Eg veit at eg gjentar mer sjølv, men som lærar vart eg vant til å repetere for at det skulle sitte skikkelig.
7 kommentarer:
Det nærmar seg indianarsommar!
Er det DET det betyr? Eg har alltid trudd at "Indian summer" hadde med India å gjere. Men no ventar eg på at ein kvan som har greie på det kan avgjere kva som er rett.
Indian summer: Brukt vanlegvis om ei periode med roleg og ganske varmt ver ut på hausten, før vinteren set inn. Veret er prega av lite vind, lite skyer og gjerne litt disig med lokal skodde om morgonen. Perioda bør helst inntreffe ETTER den første frosten. Klimatisk betyr det gjerne okt eller nov, i alle fall etter haustjevndøgn. (....) Når ein derfor snakkar om Indian summer allereie i sept, trekk ein definisjonen litt langt. Ei varm periode på den tida må nok meir omtalast som ein forlengelse av sommaren.
( Kilde: Meterologisk institutt) Mvh Randi.
Eg veit sånn nokonlunde kva Indian summer er, men spørsmålet er om det har med indianerar å gjere eller med India.
Perioda kan ha fått namnet fordi indianarane brukte den til jakt og fangst, og til å hauste inn det siste av vinterforrådet. Andre meiner at indianarane under perioda med indianarkrigar nytta denne perioda til å angripe kvite nybyggjarar.
Ei anna forklaring på namnet stammar frå Asia. Det seiast at skipa som kryssa Det indiske hav vart tyngre lasta og seilte med hyppigare frekvens i sommarperioda, då veret var ganske roleg. Mange skip hadde lastemerket IS på skroget, på det nivået som vart ansett som trygt gjennom den indiske sommer - indian summer.....
Ein kan vel berre velgje då, kva ein vil tru på! Begge er like mykje rett som dei er feil! Randi
Det var klargjerande. Då kan eg altså tru at det har med den indiske sommaren å gjere-slik eg alltid har gjort.
jfr:
http://ortentrovag.blogspot.com/2010/07/bok-35.html
Legg inn en kommentar