No har eg lese ut den andre boka i serien Min kamp, og eg er framleis begeistra. Knausgård skriv godt, men her er mykje tankar og ikkje fullt så mykje handling. Det er vel derfor somme går lei, og synest det blir langdrygt. Både Margrete og eg likar bøkene til Knausgård, men vi les dei som lydbøker, og då blir det verken langdrygt eller kjedelig, for opplesaren er veldig flink.Margrete har skrive meir utførlig om boka, så sjekk bloggen hennar; ho og eg er som regel svært enige når det gjeld bøker.
Bøkene er lange, denne var på 16 CD-ar. Skal på biblio i dag og sette meg på liste til nummer 3.
Bøkene er lange, denne var på 16 CD-ar. Skal på biblio i dag og sette meg på liste til nummer 3.
4 kommentarer:
Ja, ja ...
Eg må vel til ...
Du er ikkje nødt! Men både Margrete og eg likte bøkene.Og som sagt, dei blir godt lesne. Synest berre det er dumt å forkaste dei utan ein veit kva det dreiar seg om. Han har så mange rare tankar, og somme gongar kjenner eg meg SÅ igjen.Framfor alt er bøkene "filosofiske"-og tankevekkande. Dei er ikkje slik eg trudde før eg las dei.
Heilt einig - men eg les gjerne noko anna innimellom. Seks bøker på rappen hadde blitt litt for mykje å lese (spørsmålet er om det også var i overkant mykje å skrive...)
Heilt enig. Hadde ikkje orka å lese alle etter einannan.Har høyrt at nr. 3 skal vere bra.Noko av det artige med bøkene er at ein kjenner seg att i så mange av tankane hans.Sjølv tykte eg det var så prima å lese om at han er like gløymsk som eg.Og viss han utleverer nokon er det først og fremst seg sjølv.
Legg inn en kommentar