Og denne dagen har vi nytta godt.
Saman med Bodil og Svein, Lise og Kjell har vi vore på tur til Hareidslandet, til Kvitneset og Brandal. Solveig og Øystein var med oss frå Hareid og gaida oss på Kvitneset, sidan Øystein er den som har mest greie på kva som gjekk føre seg der i kriges dagar. Enno er der mykje som står att og minner om krigen; bunkerar, kanonstillingar m.m. Dessutan var det nydelig å sjå utover havet.
Etterpå var vi på Ishavsmuseet på Brandal, der ein kan sjå fangstskuta Aarvak som har fått glashus over seg sidan sist eg var der, og eit museum med minne frå tida då mange i denne regionen dreiv selfangst.
Vi skulle ete middag på ein kafé på Hareid, men det vart ikkje noka kulinarisk oppleving, for å seie det mildt. Synd at det ikkje går an å oppdrive ein einaste kafé med vanlig god, norsk mat.
Så var vi til Solveig, der vi fekk karamellpudding, kaffi og kaker.
Gjestane frå Nordfjord hadde ikkje reist gjennom den undersjøiske tunnelen før-trur dei var litt imponerte over den.
Eg er ikkje imponert over mine eigne bilde frå turen, men reknar med at andre bidreg med sine minne frå denne dagen.Sjekk bilda på Solveig sin blogg.
Eg fekk også gåver frå epla-butikken.
Fiskarkjerringa på Brandal. Mens eg stod og såg på henne, kom ein gutunge og spurde om ho var mora mi. Han meinte nok å vere litt vittig går eg ut frå.
2 kommentarer:
Det skal bli kjekt å sjå bileta frå turen. Heldige med veret var de i alle høve! Sjølv er eg stokk stiv etter 6 timar i fjellheimen her, har dårleg trening denne sesongen, men dei seier det gjer godt. Endatil hunden måtte "strekke ut" etter strabasane. Kjem vel eit blogginnlegg i morgon.
Ein fin dag på Hareid-landet med mange inntrykk.
Middagen var grei den, berre litt mykje krydra pommes, men det er vel slik ungdommen likar det?
Gode kaker og kaffi hos Solveig og Øystein.
Legg inn en kommentar