søndag, september 26, 2010

Vermelding 26.september 2010

Klokka er no15.00. Temperaturen er + 12 grader C og det er nydelig ver ute. Men i dag var det rim på hustaka då vi stod opp. Sidan det var så fint ver, måtte vi finne på noko, og det vart ein biltur til Halse,Rjåneset og Barstadvik. Vi køyrde opp til garden Halse før vi kom til Rjåneset. Vi stoppa då vi kom til grinda. Sist vi var der,gikk vi framover denne skogsvegen. det gjorde vi ikkje i dag.

Frå Halse har vi ei fantastisk utsikt, sidan garden ligg så høgt. Her ser vi Raudøya og Raudøyholmen fremst; lenger ute ligg Yksnøya og heilt til høgre ligg Eika. Den undersjøiske tunnelen går under Yksnøya og Eika. Prøvde også å ta eit bilde av Liadalsnipa -rett mot sola.

Vi måtte ein liten tur ned i Rjåneshamna og sjå til båten også, før vi køyrde til Barstadvik og opp i Erdalen der det er ein besøksgard med mange slags dyr .Der er ope sundagar frå 12-16.
Mens vi var der, vart minnebrikka i fotoapparatet fullt, og batteriet tomt.

4 kommentarer:

solveig sa...

Eg ser pappa har funne seg ein venn;-)

Besta sa...

Ja,men eg klappa den eg også. Der var kaniner, ender,påfuglar osv. også, og ein kunne få gå inn i fjøsen også-

arieldog sa...

Takk for turmål-tips!

Besta sa...

Der er ope berre om sundagane, men det er ein nydelig dal framover også.Bomvegen går frå garden og nokre 100 meter lenger fram. Ein kan gå over fjellet og ned i Romedalen.Du kan sjekke kartet ditt.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...