mandag, september 20, 2010

Vermelding 20.september 2010

 
Klokka er14.15, temperaturen er + 13 grader og det er opplett. Faktisk er sola framme av og til også. Nils kom nettopp heim frå sjøen, men i dag vart det berre småsei. Så det blir middagen i dag. Det er nesten gale å seie det, men eg likar småsei betre enn kveite; med mandelpoteter frå Skjåk og gulrøter til, blir det eit herremåltid.
Eg har vore flittig mens eg var heime åleine. Har baka brød, vaska og rydda nokre kjøkkenskuffer, sydd to puter til,( hadde så mykje stoff att) og så har eg hengt opp og tatt ned klede etc. Alt slik som husmødrer gjer utan at nokon legg merke til det.
Ser at det er mange vonde halsar, forkjøling og hoste blant folket, men vi har gått klar til denne tid.
Posted by Picasa

6 kommentarer:

Elin sa...

Gratulerer med nye sofaputer, no blei eg litt imponert! De er heldige som har fersk fisk til middag så ofte! Og heimelaga fiskekaker, nammmmm. Takk for tipset med regnkle-butikk, visste ikkje det. No er det 3 veker til neste ferie, så det spørs om shoppingturen går nordover eller sørover...Eg er skikkeleg harkja for tida, skal ha foreldremøte i morgon, og det må berre gjennomførast.

Besta sa...

Mykje forkjøling og halsonde her i distriktet også, men vi har gått klar så langt. Kanskje det er all fisken å takke?+ Omega 3. Trasig å gå og hangle når ein har mykje som skal gjerast.
Kan ikkje sitte- det er for vondt, så eit kvart må eg finne på, derfor putene. Sidan eg må ligge når andre sit treng eg mange puter.

Hildegard sa...

Kjekt at aktiviteten er høg i Starevegen. Her går det for lavgir etter ei lang reise med båt, buss og bil. Hadde vore enklare med fly, men då hadde karane ikkje fått med seg bildeler etc. heim. Sosialt.
Skal prøve å blogge litt om turen etter kvart.

Besta sa...

Velkomne heim. Gler meg til å lese om turen på bloggen.
Aktivitetsnivået mitt er dessverre nokså labert for tida, fekk skikkelig verk no når det kom regn og surt ver. Dei to siste dagane har eg vore inne og gått kledd som om det skulle ha vore vinter. Trur det hjelper litt.

solveig sa...

Eg er ferdig med forkjølelsen. Håper eg ikkje smitta elevane som for til Polen, men så er det kven som har smitta meg ...
Gler oss til Englandsrapport!

Bjørg sa...

Det er eit flott bilete du har av Sukkertoppen. De har nok vore på tur til Kvitneset.
Vi er i Larvik og eg lagar middag og vaskar klede. Kjekt å vere i lag med slekta. Vi skal ta runden om Arendal og Sola. Fint ver her i dag.

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...