lørdag, september 18, 2010

Vermelding 18.september 2010

 
Klokka er ca 15.45, og det er akkurat som om det mørknar ute. Temperaturen er +10-11 grader C og det regnar stort sett heile tida. Men i dag har eg gått til det store steget å kjøpe meg paraply, så no er det håp.
Vi var ein tur nedover på sein føremiddag; eg vaska og rydda kjøleskapet først. Var både på Amfi og opp i gågata, så vi trefte mange kjende. Handla ikkje så mykje-men litt småtteri var det i dag også.
Det er mange gode grunnar til ikkje å like dette veret, men for meg er verkinga i kroppen den viktigaste. Kler på meg med både ull og anna utan at det hjelper noko særlig. Men vi fyrer i omnen og har det varmt og godt inne.
Posted by Picasa

5 kommentarer:

solveig sa...

Olaug og eg var også på ein liten handletur. Vi såg etter lave, litt fine støvlar, men fann berre nokre litt for trauste Viking. Ho fekk seg paraply ...

Besta sa...

På Ørsta Torg er der spesialbutikk for regnklede og støvlar- i alle storleikar, fargar og fasongar. Men billeg er det ikkje .Dei støvlane eg såg på var rundt 1000kr.

Besta sa...

Men kvifor ikkje vere lekkert kledd i regnveret-det er jo det vi har mest av. Ta ein tur rundt neste helg, så lagar eg fårikål for eksempel!

solveig sa...

Neste helg er Øystein i Oslo, så då kan vi damene reise fritt ...
Eg har sett på nokre støvlar i den prisklassen, både lave og høge. For meg som fer fint åt, er det ingen fare i å investere ...

Besta sa...

Trur ikkje du finn så mykje regnklede andre stader i alle fall. Butikken er der som Til Bords var før.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...