søndag, september 19, 2010

Vermelding 19.september 2010

Klokka er13.30, temperaturen er + 11 grader C og det regnar.Stort meir er det ikkje å seie om den saken.Har prøvd å gå tur i regnveret, det fall ikkje heilt heldig ut, for å seie det slik. Då må ein heller finne noko å pusle med inne, kan ikkje ligge å lese og sjå TV heile tida, heller.
I går hadde eg eit ærend inn på Målar-Olav, ein butikk i gågata. Fekk ikkje det eg eigentlig skulle ha, men som vanlig rota eg litt i restekassa der dei sel utgådde gardinlengder til 70 kr.stk. Eg brukar å sy meg puter og dukar av slike restar. I går fann eg eit veldig tjukt og godt stoff som eg ville ha til puter i sofaen "min"- der eg ligg og ser TV etc. Så i dag drog eg fram symaskina, som ikkje er min beste venn, og sydde to like puter- og enda har eg mykje stoff att !
Nils gikk seg ein tur i gråveret imens.Den nye støvsugaren er eg alt blitt kjempeglad i, berre det å støvsuge opp alle trådane og rusket så lettvint!
Til middag i dag skal vi ha den siste "resten" frå frysaren, så det blir hjortekjøt og kjøttkaker, med mandelpoteter frå Skjåk. Ein av "kameratane" til Nils har hytte der oppe og er der ofte, så han har tenkt å forsyne oss med poteter i vinter. Ja, vi betalar dei sjølvsagt sjølve. Vi brukar å kjøpe når vi reiser forbi om hausten, men i år var dei ekstra store og fine.
Komande laurdag får vi besøk av begge "jentene" og diverse ungar. Solveig skal sjå på støvlar. For dei som ikkje er orientert har vi her i Ørsta spesialforretning for regnklede og støvlar. Butikken ligg i gågata, på Ørsta Torg. Dei har mykje fint, men det er ikkje billig.

4 kommentarer:

arieldog sa...

Kjempefint stoff! Og vi ser fram til middag på laurdag :)

solveig sa...

Fin pute! Eg har regnkåpe, men treng ei tett regnbukse. Skal bli artig å sjå kva dei har!

Besta sa...

Garanterer ikkje at dei har regnbukser- på JULA derimot...
Eg treng ikkje andre regnklede enn den regnjakka eg har, går så lite ute.Har meir stoff att, så det kan bli fleire puter,fargen blei litt for mørk på bildet. Passar både til brunt og svart.

Anonym sa...

top [url=http://www.001casino.com/]001[/url] check the latest [url=http://www.casinolasvegass.com/]casino games[/url] free no deposit bonus at the chief [url=http://www.baywatchcasino.com/]casino games
[/url].

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...