tirsdag, juni 01, 2010

Vermelding 1.juni 2010

Klokka er snart 13. Temperaturen er + 20 grader, men det er framleis eit kjølig drag i lufta.Himmelen er stort sett blå, berre med nokre lette skyer.
Nils for ut på sjøen i 6-tida i dag, og kom heim med ein del sei, men ikkje den heilt store fangsten.
Eg vart inspirert av Solveig sin blogg og laga ein porsjon brytebrød. No har vi ete formiddagsmat, og eg sit og angrar på at eg åt for mykje. Fersk gjærbakst har eg veldig vanskelig for å motstå. No etter at eg har gått over til ferskgjær, tek eg tilbake alt eg har sagt om at tørrgjær gjer samme nytta. Det er ikkje sant. No skal vi slappe av ei stund på altanen før vi ev. finn på noko fornuftig. Det skal visst regne i morgon, så det gjeld å Carpe diem!

1 kommentar:

solveig sa...

Eg driv og brukar opp tørrgjær, slik som ein får med på kjøpet når ein kjøper ferdigblanda mjøl. Det tek lenger tid, ja. Wenche på frukost TV brukar alltid tørrgjær. Milena og eg er ferskgjærtilhengarar!

Dagbok 20 24: 3.mai

 Klokka er no18.30, temperaturen ute er + 20 grader. Det har vore ein strålande dag, med sol frå klar himmel. Eg har vore her åleine heile d...