mandag, mai 31, 2010

Vermelding 31.mai 2010

Klokka er 13.30, det er + 15 grader og overskya.
Det er noko som sjeldan slår feil her i ørsta: Viss vi har ein strålande dag, får vi skodde neste dag. Det slo til denne gongen også, så i dag vakna vi til fotsid skodde. Det lettar litt etter litt, og eg har tru på at sola kjem fram før eller seinare.
Men det er godt arbeidsver, så i dag har Nils styrt med saging og kløyving av ved. Eg har etter fattig evne prøvd å løde opp veden inne i tilbygget. Sidag eg fekk begynne i midjehøgde, og slapp å bøye meg for mykje, gikk det bra, men eg veit at eg får ein baksmell. Litt luking av ugras har det også blitt, heller ikkje det er noko som er bra for meg.Plukka inn dei første rabarbrastilkane i dag, men veit enno ikkje om eg skal lage noko av dei, eller fryse dei til eg har litt meir.Viss nokon lurer på korleis vi får vekk all sagmasken på plenen, er svaret enkelt: Plenklipperen tek den som ingen ting.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...