torsdag, mai 06, 2010

Vermelding 6..mai 2010

Klokka er 12.30, temperaturen er + 11 grader og det er overskya opphaldsver. Sola er framme av og til,men det er kaldt å vere ute om ein ikkje jobbar skikkelig.
Nils har brukt føremiddagen til å gjere ferdig den nye jordbæråkeren etter alle kunstens reglar.Han laga karm rundt i trykkimpregnert material og så har han fylt opp med god mold før han la plasten på. Skiferhellene ligg der for å halde plasten på plass, men han har også stifta den fast i borda.
De vil kanskje legge merke til at den eine fôra manglar eit hjørne. Der låg det nemlig ein kjempestor stein som er umulig å ta opp med handemakt. Hadde gløymt at han var der. Vi har kjøpt heilt nye plantar; Korona i beddet til høgre på nedste bildet, og Senga Sengana i det andre. No driv han og plantar sukkererter i den "gamle" jordbæråkeren.
Mens han har styrt ute, har eg støvsuga og rydda inne. Etter middag skal eg rake plen og rydde ute.
Det er to fødselsdagar i storfamilien i dag.
Vi gratulerer Stein Inge på Eid med 41 -årsdagen!
Dessutan vil vi gratulere Lise i Stryn med 58-årsdagen!
Ha ein fin dag begge to!

3 kommentarer:

Hildegard sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Hildegard sa...

Vemodig kor tida går. Koseleg kaffibesøk på Golvsengane i dag. Mykje graving og klargjering tomter der oppe no.
Eidabesta

Besta sa...

Tida går berre fortare og fortare,dessverre.Det blir etter kvart slik at ein ser meir tilbake enn fram. Men ikkje så gale enno.

Dagbok 2024: 4.mai

Dette bildet er tatt i dag.  Klokka er no 17.23, temperaturen ute på trappa er + 22grader C, sola skin og det har ho gjort i heile dag. Kjem...