Klokka er 12.00, og temperaturen er + 11 grader C.Det er lettskya og sol. Likevel kjennest det nokså kaldt ut ute.Nils jobbar med jordbæråkeren.Han kjøpte trykkinpregnerte plankar i går og lagar to bed etter alle kunstens reglar.
Som alltid når vi styrer med noko her i nabolaget vårt, kjem naboane for å sjå på dei nye prosjekta. Vi synest det er kjekt at det er interesse for det vi driv med.
Eg var ute og raka og styrte i går etter middag.Kjente ikkje vondt nokon stad før etter at eg hadde lagt meg. Då vart det problem. I dag har eg styrt inne til denne tid, men eg fell vel for freistinga å rydde litt ute i dag også om godveret varer ved.
Hos naboane på andre sida av Starevegen, driv to polakkar og jobbar. Dei skal legge skiferheller på altanplata.Det er eit styr med det, men så held det vel i lang tid utan vedlikehald.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar