lørdag, mai 29, 2010

Vermelding 29.mai 2010

Klokka er ca 13.00.Temperaturen er17 grader C, det er lettskya og sol.Med andre ord ganske fint ver, men framleis for kaldt etter min smak.
Vi har vore på ei lita shoppingrunde, kjøpt sagkjede, frø og kugjødselkompost mellom anna.
Vi var også innom El-kjøp, for eg måtte ha nye propper til Disc-mannen min. Dei eg hadde, vart brått lydlause på begge øyra, og dei eg fikk med Solveig, likte eg ikkje lyden i.Mens vi gikk og leita etter slike, fann Nils denne spelare til ein rimelig pris, og sidan den eg har er ganske dårlig, fann vi ut at vi like godt kunne kjøpe heile pakka.

Men no lurer eg på om eg har kjøpt noko anna enn eg trudde.Vart litt skeptisk då eg kom heim og las teksten på emballasjen. Eg har ikkje pakka den ut, det er jo heilt umulig å eventuelt pakke den inn igjen.Derfor spør eg om hjelp. Kan nokon som har peiling, fortelle meg om eg kan lese bøker på denne maskina her? Eller eventuelt -kan den brukast til noko anna? 

6 kommentarer:

arieldog sa...

Er det ikkje slik eg har, då? Det står "MP3 CD playback" på min, og den kan eg i alle fall spele CD'ar på.

solveig sa...

Eg har ikkje peiling! Eg har aldri eigd ein discman som det heitte før?!

Besta sa...

Der står faktisk MP3 Playback på min også, med små bokstavar. Men det var det om "skip-free MP3-Music" som forvirra meg litt.

Anonym sa...

Plays your CDs and MP3-CDs
• Enjoy over 10 hours of music on one MP3-CD
• Plays CD, CD-R and CD-RW discs

solveig sa...

Då kan ein vel greie seg med den eine plata. 5-10 timar om gongen! Ja, ja, eg slit med ei MP3plate eg har lagt inn på min MP3. der kjem ikkje naturlege stopp.

Besta sa...

DEt var noko slikt eg hadde mistanke om då eg begynte å lese utanpå denne spelaren.Men når ein brukar vanlige plater (CD) så stoppar den sjølvsagt når plata er slutt.Av og til får ein teknikk-panikk utan grunn.Men viss eg legg inn ei MP3 plate, les den vel heile boka om ein ikkje slår av?

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...