lørdag, mai 29, 2010

10-årsjubileum.

I dag er det 10 år sidan Amanda vart fødd. Ho er nummer tre i søskenflokken og oppkalla etter oldemora si på Eid. Dei budde i Ulsteinvik då ho kom til verda, men same sommaren flytta dei til Bjørnaset. Det var ein våt og kald sommar, så ullkleda eg hadde strikka, kom vel med.
Men om veret var dårlig på våren og sommaren ,fekk vi ein nydelig haust. På farfaren sin 60-årsdag  den 25. november kunne vi plukke både roser og bjørnebær i hagen.
Dette bildet er tatt på morfaren sin 63 årsdag den 14.november. Då hadde vi  sju barnebarn, etter den tid har vi fått fire til.Det var som ein tradisjon i mange år at Einar skulle halde den minste, sidan han var eldst. (Som ein liten kuriositet kan eg nemne at gardinene som eg sydde til stova den våren A. vart fødd, heng der enno, mens mesteparten av møblane er skifta ut med nye.)
Når eg har valt å skanne bilde frå gamle album, er det fordi vi ofte ser bilde av både vaksne og barn slik dei er i dag, så det kan vere kjekt med eit tilbakeblikk.
Amanda har heilt frå ho var lita,  vore ei rolig og forstandig jente, men der er meir fart i henne no enn det var den første tida. Ho spelar kornett i korps, dansar ballett og sparkar fotball- blant anna.Og sannelig skal ho danse på Kulturhuset her i Ørsta på sjølve fødselsdagen sin. Vi skal ikkje vere der då; men stiller opp i lag med resten av familien på sundag. Dei to eldste skal også vere med i showet.Så det gler vi oss til.

Gratulerer med dagen, Amanda, og lykke til både med bursdag, ballett og MGP!
Helsing frå Morfar og mormor.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...